By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Skjåk Almenning er på jakt etter ein strukturert og målretta leiar som kan vidareutvikle landets største private eigedom.
Vår noverande almenningsstyrar har tatt ei avgjerd om å slutte i stillinga da utfordringa med pendling har vore krevjande. Han omtalar valet sitt slik:
"Ut frå omsynet til familielivet ser eg ikkje anna råd. Dette er ein utruleg god arbeidsplass med gode kollegaer, så det er ei avgjerd som sit langt inne."
Dette understrekar at Skjåk Almenning er ein arbeidsplass med gode relasjonar og eit sterkt fagmiljø, og at vi har forståing for at livssituasjonen kan krevje andre prioriteringar.
Om rolla
Som almenningsstyrar vil du ha det overordna ansvaret for heile verksemda. Du vil vere ein sentral aktør i utviklinga av eigedomen og dotterselskapa, og samstundes ha ansvar for å gjennomføre styrevedtak og ta vare på dei rike ressursane til almenningsområdet. Med arbeidsoppgåver som spenner frå administrativ leiing til personalansvar og samarbeid med offentlege forvaltningsorgan, vil du få ein variert kvardag i naturskjønne omgjevnader.
Vi ser etter deg som:
Kvifor velje Skjåk Almenning?
Du vil få ein spanande og utfordrande jobb der du spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av Noregs største private eigedom. Her vil du få moglegheita til å påverke både dagleg drift av verksemda og dotterselskapa våre. Vi tilbyr eit triveleg kontorfellesskap der offentleg og privat forvaltning jobbar saman, samt konkurransedyktige vilkår på løn, pensjon og forsikring. Kanskje blir det og høve til oppsynsarbeid og feltarbeid, slik at du får utnytta og vidareutvikla din kompetanse i felt.
Bli med og sett ditt preg på framtida til Skjåk Almenning!
Nøkkelord | Almenningsbestyrer, Almenningsstyrar, Eiendomsforvaltning, Daglig leder, Skjåk |
Bransjekategori | Administrasjon / Kontor / Personal |
Bransje | Administrativ ledelse / HR Manager |
Alternativ bransjekategori | Jordbruk / Skogbruk / Jakt / Fiske |
Alternativ bransje | Annet |
Bedriftsnavn | SKJÅK ALMENNING |
Industrivegen 10 | |
2690 SKJÅK | |
Nettside | www.skjak-almenning.no |
Tiltredelse | etter avtale/snarest |
Lønn | Gode betingelser |
Søknadsfrist | 08.12.2024 |
Arbeidsplass | Skjåk |
Tittel | Almenningsstyrar |
Sektor | Privat |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Knut Nyhagen Seniorrådgiver knut@vhr.no +4791884277 |